OM ANLEGGSGARTNAR.NO
Når eg er på ferie tek eg bilder. Der andre tek bilde av flotte bygg, spektakulære kunstinstallasjonar eller turistattraksjonar, finn eg ofte ei fin plante eller ein fin stein å ta bilde av. Ungane i baksetet både himlar med auga og stønnar når eg bryt ut: “Sjå på den stilige muren!” eller “Sjå dei flotte fargane i det bedet!”
Firmaet anleggsgartnar.no vart skipa sommaren 2018 og er eit firma som tek store og små oppdrag i private hagar, for bedrifter, burettslag og entrepenørar.
Bak anleggsgartnar.no står eg, Jostein Grimsbø, busett på Stord. Eg har fagbrev som anleggsgartnar og kan tilby hageplanlegging, gartnartenester, steinarbeid, beskjæring og anna som høyrer med i anleggsgartnarfaget. Eg tek oppdrag innan nyanlegg, drift og vedlikehald.
Eg har om lag 12 år erfaring i bransjen og har i tillegg erfaring frå mykje anna som kjem godt med i ein variert arbeidskvardag.
Eg har eit godt bedriftsnettverk og gode samarbeidspartnarar, og er difor godt rusta for dei fleste oppdrag.
Det er “in” å bruke fagfolk ute!