STEIN OG MUR
Belegnings-stein og kantstein
Det finst mange løysingar og variantar innan betongstein, teglstein og granitt. Både murar, trapper og belegningsstein løftar hagen og uterommet. Kantstein og belegg gjev eit ryddigare og litt strammare uttrykk. Med belegningstein vert det enklare å plassere hagemøblane og det vert ofte reinare og dermed mindre slitasje på golva inne.
NATURSTEIN
Med naturstein er det mange alternative steintypar. Både kor steinen kjem frå og storleik på steinen gjev ulike uttrykk. Det er ulik farge og struktur på dei ulike steinsortane. Dette er det lurt å tenkje på når ein skal velje stein. Kva passar til området rundt?
Når me snakkar om natursteinsmur, snakkar me ofte om tørrmuring – murar som er mura opp utan betong.
Ein mur kan vere einsidig – som støttemur mot terrenget, eller dobbeltsidig, som eit element for å skilje mellom ulike uterom til dømes mellom parkering og plen.
Forblendingsmurar er og innanfor denne kategorien. Om ein har betongmurar som ein ynskjer å skjule, er det ei veldig god løysing å forblende betongen med ein natursteinsmur. Då har ein og høve til å etterisolera veggen.
SKIFER
Bruddskifer er eit naturleg materiale som dannar fine, levande flater. Skiferen finst i fleire storleikar, frå ulike steinbrudd og til ulike formål. Nokre skifervariantar er mest eigna til å leggast i sand, medan andre kan støypast ned i eller limast på betong. Spør meg gjerne om råd!